Kontakt
Joar Solberg Trafikkskule
Joar Solberg Trafikkskule AS
Joar Solberg Trafikkskule har eksistert sidan 1993, og består av fem tilsette. Me har nyoppussa lokaler i Dalavegen 3, rett ved Sogndal skysstasjon.
Vårt mål er å veilede våre elevar gjennom trafikkopplæringen på ein sikker og effektiv måte. Trafikkopplæringa her i landet er fastsett av Vegdirektoratet. I dei forskjellige førarkortklassane er det fastsatt ulike læreplanar som må følgjast.
Sjefen sjølv er Joar Solberg. Han gjekk ut frå Statens Trafikklærerskole i 1988, og har mange års erfaring innanfor trafikkopplæring. Han kan tilby opplæring innanfor fleire førarkortklassar. Desse er då bil, bil og hengar, traktor, moped, mopedbil, og Kl. A1.
Anita Lindstrøm Fylling har jobba som trafikklærar sidan 2016, og har med seg erfaring som trafikklærar i Bergen, før ho begynte hjå oss i 2019. Anita underviser i Kl. B, B automat, trafikalt grunnkurs og held ledsagarkurs.
Eivind Stedje byrja hjå oss i juni 2022 og har fullført trafikklærarutdanninga ved Nord Universitet i Stjørdal. Eivind underviser i Kl.B og B Automat.
Stian Solberg fullførte trafikklærarutdanninga si ved Nord Universitet og byrja hjå oss i juni 2024. Stian underviser i Kl. B, B Automat og trafikalt grunnkurs.
Ole Mo frå Lærdal byrja hjå oss i august 2024 og har med seg erfaring som trafikklærar i Stavanger. Ole gjennomførte utdanninga si ved Oslo Met i 2022 og underviser i kl. B, B automat og trafikalt grunnkurs.
Velkommen til oss!